Politiet rykker til ei valdshending i Molde, som skal ha skjedd ved eit russearrangement. Tove Susann Brunvold Holst-Dyrnes i politiet fortel at patruljen akkurat har kome på staden, og har enda ikkje kontroll på situasjonen. Fleire personar skal vere utsette for vald.