Konsernsjef i Fjord Base, Ole Schanke Eikum gjer det klart at slike store infrastrukturinvesteringar krev føreseielege rammevilkår og langsiktige utsikter. Signalet frå Stortinget om full gjennomgang og kvalitetssikring av milliardsatsinga skapar det motsette. – Uvisse for norske havvindprosjekt som følgje av Stortinget sitt vedtak om kvalitetssikring, gjer at våre investeringsvedtak truleg vert skyvd vidare ut i tid, seier Eikum.