FIFA risikerer tomme seter når fotball-VM nærmar seg, melder Financial Times. Nesten 180.000 billettar er framleis tilgjengelege på FIFA sin andrehandsmarknad. Dei høge billettprisane har hausta kritikk frå både supportarar og politikarar.