Brannvesenet har rykt ut til meldingar om brann i Sula. Politiet seier til NRk klokka 22.50 at dei ser brannen i samanheng med dei andre, uoppklarte brannane på Sula dei siste åra. – Vi tek høgde for at det kan ha samanheng, seier operasjonsleiar Alexander Sandblåst Strømmen Dei er ikkje komne fram og seier at dei førebels ikkje veit kvar det brenn, men ifølgje brannvakta er det mest truleg i eit hus.