Ein mann i 50-åra omkom i ei ulykke på Tustna i Aure kommune i ettermiddag. Klokka 13.10 fekk naudetatane melding om at ein hjullastar hadde velta under køyring på eigen eigedom. Føraren hamna i klem under hjullastaren då ulukka skjedde.