Styresmaktene i Australia foreslår å lempe på forbodet mot droneflyging etter eit haiangrep ved Coogee strand i Sydney, skriv Reuters. Droneflyging i området er avgrensa fordi stranda ligg i innflygingsruta til ein flyplass. Men no vil styresmaktene endre på dette for å overvake stranda og unngå nye angrep frå hai.