Politiet har kalla ut frivillige mannskap for å hjelpa eit turfølge ned frå Vardafjellet i Aurland, opplyser Vest politidistrikt. – Me har fått beskjed frå eit turfølge, truleg på to utanlandske turistar, at dei trengde hjelp. No er me i gang med å kalla ut mannskap, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i Vest politidistrikt.