Det israelske forsvaret (IDF) har søndag gjeve ordre om evakuering av 29 landsbyar i Sør-Libanon, melder AFP. IDF sender ofte ut slike ordrar før eit angrep. Søndag morgon sa Israel at dei hadde skote ned to dronar i Nord-Israel som dei meiner blei avfyrt av Hizbollah i Libanon.