Kina skuldar utanlandske aktørar for å bruke fisk og skjelpadder med sensorar for å spionere mot landet, melder AFP. Ifølge styresmaktene blir skjelpaddene og fiskane brukte for å lage undersjøiske kart over Kinas kystlinje. Dei seier ikkje noko om kva utanlandske aktørar dei meiner har teke i bruk dei undersjøiske etterretningsagentane.